Oslo vart vinnaren 2011

Oslo vart vinnaren 2011

Til ellevill jubel mottok Oslo-laget den gjævaste premien, fyrsteplassen i NM Hjelpekorps 2011. Dei slo Hordaland og Aust Agder, i ein knivskap konkurranse. – Det var stort å vinne, sa lagleiar Christian Nicolai Bjørke etter premieutdelinga.

Det skilde ikkje mange poeng mellom dei tre fyrste laga, Oslo, Hordaland og Aust Agder. – Vi hadde ikkje venta å vinne, fortel Bjørke. – Det ga ei god kjensle å bli rop opp.

Med på vinnarlaget var også Pia Kamp, Fredrik Nordum, Andreas Müller, Mauring Alexander, Anne Marie Tollehaug og Olav Dahl.